søndag 1. mai 2011

Sterke verb historie

Eg bit meg i fingrane som ikkje dekkast av vantane. Kulda riv i fillene, riv i skrotten. Den raude streken på den ein meter lange gradestokken utanfor brillebutikken fyllar berre ein sjettedel. Det er minusgradar i Trondheim by, og eg sit på huk på ein utvaska fille frå ein italiensk restaurant like om hjørnet. Eg foldar hendene rundt den skitne 7-eleven-koppen med bitemerkar på kanten (eg beit i koppen for at eg skulle framstå som endå meir stakkarsleg enn det eg allereie er). Sjølv om det ligg eit par kronestykkar oppi koppen, hadde ein varm kaffiskvett vore betre. Eg klarar berre ikkje draga den gjønomfrosne kroppen min opp. Eg har ikkje ein kjensle igjen i beina. Etter tjue år i same stilling, klarar eg verken mentalt eller fysisk å dra meg opp. Det er berre den same driten kvar bidige dag. Dag ut og dag inn.    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar